Bio

Hildegunn Hovde er songar, musikar og komponist, og bur på Lauvstad i Volda, Møre og Romsdal. Ho er utdanna innan song og komposisjon med ein MA frå Norges Musikkhøgskole, og arbeider som frilansar i tillegg til å undervise i musikk ved Høgskulen i Volda. Hildegunn har ei rekke plateinnspelingar, bestillingsverk og prosjekt bak seg innan ulike sjangre, og arbeider hovudsakleg med vokal folkemusikk og utøvarbasert komposisjon. I 2014 vart ho tildelt 2-årig arbeidsstipend frå Statens Kunstnerstipend.

Hildegunn utforskar stemme, instrument og objekt frå naturen i møte med musikk. For tida arbeider ho med eit prosjekt der utgangspunktet for lyd, rytmikk og komposisjon er dyrebein som er sanka i fjøra.